Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Personalpsykologi

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Studenten skal gjennom PSYK106 tileigne seg kunnskapar i høve til sentrale faglege problemstillingar, arbeidsmetodar og verktøy i personalpsykologi, medrekna historiske utviklingslinjer, tradisjonar og metodisk grunnlag. I denne samanhengen skal studenten tileigne seg forskingsbaserte kunnskapar om individuelle faktorar som påverkar hans/hennes åtferd i jobbsamanheng, verksemda si handtering av sine medarbeidarar, individet sitt tilhøve til og tilhøyrsle i organisasjonen samt karriereutvikling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved fullført emne:

  • Har studenten kjennskap til historie, metodegrunnlag og sentrale problemstillingar innan temaet personalpsykologi.
  • Har studenten kunnskap om korleis faktorar ved individet (t.d. personlegdom, persepsjon, attribusjon, og intelligens) påverkar læring og åtferd i jobbsamanheng.
  • Har studenten kunnskap om korleis faktorar som hardførhet ("hardiness") og mestringsforventning påverkar handtering av stress i jobbsamanheng.
  • Har studenten kunnskap om rekruttering av medarbeidarar, inkludert jobbanalyse og metodar for seleksjon.
  • Kan studenten greie ut om kva vi forstår med læring i jobbsamanheng og korleis organisasjonar kan leggje til rette for ulike metodar for vurdering og utvikling av medarbeidarar (eks. arbeidsevne, medarbeidarsamtale, og ansettbarhet- `employability') i eit organisasjons- og individperspektiv.
  • Kan studenten drøfte betydinga av etiske problemstillingar og dilemma (t.d. varsling (`whistleblowing') som ein kan møte som tilsett i ei verksemd.
  • Har studenten kunnskap om menneskelege reaksjonar (inkludert PTSD) og god personalomsorg etter kriser og ulykker.
  • Kan studenten greie ut om og drøfte kjenneteikn ved dyktige og kompetente medarbeidarar versus kontraproduktive og destruktive medarbeidarar
  • Kan studenten greie ut om og drøfte kva vi forstår med sosialisering til arbeidslivet og til organisasjonar, og korleis individuelle og kontekstuelle tilhøve påverkar sosialisering til arbeidslivet og til organisasjonar.
  • Har studenten kunnskap om kva vi forstår med karriere og karriereutvikling i ein organisasjon og mellom organisasjonar.
  • Kan studenten drøfte korleis verksemda på ein best mogleg måte kan gjere nytte av og ivareta eldre arbeidstakarar.
  • Har studenten kunnskap om ulike rolleperspektiv på individet si åtferd i organisasjonen
  • Kan studenten drøfte mangfaldsfaktorar ("diversity") så som etnisitet, kultur og kjønn si tyding i organisasjonar og diskutere korleis ein organisasjon best mogleg kan stille seg til mangfald i verksemda.
  • Kan studenten greie ut om omgrepa jobbtilfredshet, jobbengasjement, jobbtilpasning, organisasjonstilhøyring og gjennomtrekk (turnover).
  • Kan studenten drøfte ulike typar løns- og kompensasjonssystem sin verdi i organisasjonar, medrekna konsekvensar for motivasjon, yting og produktivitet..
  • Har studenten kunnskap om tydinga av psykologiske kontraktar mellom arbeidstakarar og deira overordna.

 
Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten:

  • finne fram i, munnleg og skriftleg greie ut om sentrale problemstillingar, kunnskapar og metodar innanfor fagfeltet personalpsykologi.
  • nytte seg av fagleg kunnskapar og relevante forskingsresultat på praktiske og teoretiske problemstillingar.


Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten:

  • planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver i det personalpsykologiske fagfeltet i tråd med etiske krav og retningsliner.
  • formidle sentrale faglege og etiske problemstillingar innan personalpsykologi basert på eksisterande teori og empiri.
  • formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar så vel skriftleg som munnleg, og gjennom andre relevante utrykksformer.
  • utveksle synspunkt og erfaringar med andre innanfor fagfeltet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis.

 

Krav til forkunnskapar

For å kunne melde seg opp til eksamen i emnet må ein ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse. Ut over dette er der ingen særskilde krav til forkunnskapar.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar og går over eitt semester.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer: Skuleeksamen

Eksamen er satt saman av ein skriftleg skuleeksamen på 4 timar kor studentane skal svare på 2 av 3 oppgåver som vektast likt. Her skal kandidaten organisere, presentere og drøfte relevant fagstoff. Eksamen arrangerast kvart semester.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Kontakt: studieveileder.psyfa@uib.no / 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    26.09.2018, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    12.09.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted
  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    28.11.2018, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    14.11.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted