Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Læring og atferdspsykologi

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane kunnskap om grunnleggande metodar og prosedyrar innanfor åtferdspsykologi, eksperimentelle studiar frå grunnforsking, kunnskap om opphavet til kjende teoriar om læring, grunnleggande omgrep og bruk av disse, moderne teoretiske og empiriske bidrag og nytta metodar og kunnskapar innan anvendt psykologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten har 

kunnskap om og kan drøfta teoriar og empiriske funn, sentrale læringsprosedyrer knytt til:

  • Habituering/dishabituering og sensitivisering
  • Klassisk betinging
  • Instrumentell (operant) betinging
  • Modell-læring/Sosial kognitiv læringsteori
  • Relevante eksperimentelle studiar med bruk av dyr i laboratorium

Studenten kan bruka læringspsykologiske bidrag til forståinga av menneskelege fenomen innan:

  • avhengigheit
  • eteforstyrring
  • helse og åtferd
  • åtferdsvanskar hos born
  • lært hjelpeløyse og depresjon

Studenten kan bruka læringspsykologi i område som høyrer til kvardagslivets psykologi, for eksempel:

  • oppfostring
  • problemløysingsstrategiar i kvardagslivet, "gode vanar"
  • endring av (helse)åtferd

Ferdigheiter

 Studenten

  • kan drøfte sentrale modellar og prinsipp for læring, både hos dyr og menneske
  • kan forstå kva for rolle læring har for korleis individet fungerer i eit miljø og kva som påverkar og endrar åtferd
  • kan greie ut om korleis grunnleggande prinsipp innanfor læringspsykologien kan nyttas for å forstå åtferd hos menneske
  • har kunnskap om kva som kan gjerast for å endre og oppretthalde åtferd hos dyr og menneske

Generell kompetanse

Studenten kan

  • kjenne igjen grunnleggende læringsprinsipp (som habituering, sensitivisering, klassisk/instrumentell betinging, modell-læring) i kvardagslivet og klinisk kontekst.
  • bruke modellar og prinsipp innanfor læringspsykologien til å gjere åtferdsanalyser og nyttiggjere dette i arbeidslivet og i vidare utdanning
  • analysere menneskeleg samspel med omgivnadene

Tilrådde forkunnskapar

Det er tilrådd at studentane har kunnskap i psykologi tilsvarande førsteårsstudiet i psykologi. Kjennskap til læringspsykologi og biologisk psykologi er ein føremon ved deltaking på emne.

Krav til studierett

Emnet krev studierett på eit av følgjande studieprogram:

  • Bachelorprogrammet i generell psykologi
  • Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Bachelorprogrammet i kognitiv vitenskap
  • Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Dei spesifikke måla kan verte nådde gjennom deltaking i førelesingar og seminar, praktiske øvingar og sjølvstudium. I tillegg får studentane tilbod om ein prøveeksamen for å øva til skuleeksamen. Samla undervisning utgjer 34 timar, som er delt mellom nøkkelførelesingar, 4 seminar (3 seminar om avhengigheit og 1 seminar om helseåtferd) og praktiske øvingar ("Sniffy the virutal rat", eit datamaskingprogram for å få praktisk erfaring med klassisk og instrumentell betinging).

Det er to frivillige fleirvalsprøvar om grunnleggande prinsipp (f.eks. klassisk/instrumentell betinging, habituering, sosial læring) fordelt over semesteret. Kvar prøve har eit omfang på 60 minutt og blir gjennomført online på MittUiB. Desse er tenkt som ei førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein skriftleg rapport basert på programmet "Sniffy the virtual rat" skal leverast og godkjennast. Omfang for rapporten er 6-9 sider. Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Den obligatoriske aktiviteten er gyldig i 3 semester (det semesteret ein gjennomfører aktivitetane og dei to følgande semestra).

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der kandidatane svarer på to av tre oppgåver. Oppgåvene er knytte til læringsutbytet og skal spegla kunnskapane til studenten.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Anbefalt litteratur er satt saman av omlag 1000 sider fordelt på bøker og artikkelsamling.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen - heime

    Dato
    19.11.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    05.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen