Menneskerettar i helse- og sosialfagleg arbeid

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål at studentane skal tileigne seg inngåande kunnskap om internasjonale menneskerettar av relevans for helse- og sosialfagleg arbeid, slik dei er innarbeida i norsk rett. Studentane skal kunne gjere seg nytte av menneskerettane som eit verktøy i eige praksis, samt reflektere rundt eiga verksemd frå eit etisk og menneskerettsleg perspektiv, så vel som frå ein helse- og sosialfagleg ståstad.

Emnet omhandlar menneskerettar som er relevante for helse- og sosialfagleg arbeid, det internasjonale og nasjonale kontrollsystemet for å sikre menneskerettane på dette feltet og dei fag-etiske retningslinene som er utvikla som følgje av dei rettslege pliktane. Studentane lærar kva dei menneskerettslege rammene går ut på og korleis dei menneskerettslege krava kan realiserast i praktisk helse- og sosialfagleg arbeid.

Aktuelle tema er knytt til retten til grunnleggande tenester; utfordringar og dilemma knytt til vurdering og iverksetting av tvangstiltak og tvangsbehandling; rettar som handlar om tenestene sin kvalitet; samt dilemma og konflikttema der ulike rettar står mot kvarandre. Eksempel frå fleire praksisfelt blir belyst, mellom anna barnevern, kriminalomsorg, eldreomsorg, psykisk helsevern, kommunale tenester, NAV, flyktning- og asylfeltet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

KUNNSKAP
- Kunnskap om dei grunnleggande menneskerettane som er relevante innanfor ulike helse- og sosialtenester og konfliktane som kan oppstå mellom desse

- Inngåande kunnskap om menneskerettane sin betydning for brukare, pasientar og tilsette i tenestene sjølv

- Inngåande innsikt i internasjonale og nasjonale organ, klage- og overvakingsmekanismar og høvet mellom nasjonale og internasjonale domstolar.

- Kunnskap om dei psykologiske og helsemessige konsekvensane av brot på menneskerettar, ved tvang, tortur og andre overgrep, samt brot på fag-etiske retningsliner som er utvikla på grunnlag av menneskerettslege pliktar

- Inngåande kunnskap om dilemma, konfliktar og utfordringar innanfor helse- og sosialtenesta i eit menneskerettsleg perspektiv

- Skildre ulike tiltak, tilnærmingar og intervensjonar som er innretta for å sikre rettar og eit naudsynt vern for brukare og pasientar, og korleis ein kan gå fram for å klage, gripe inn og skape endring for å kunne tilby betre tenester for brukarane.

FERDIGHEITER
- Kunne analysere og forstå ulike problemstillingar ut frå eit menneskerettsleg perspektiv og vurdere kryssande rettar og omsyn

- Kunne identifisere menneskerettslege problemstillingar i ulike helse- og sosialtenester

- Kunne analysere og vere kritisk til ulike informasjonskjelder og eigen praksis, rolle ogmakt

- Kunne strukturere og formulere faglege resonnementet ut frå eit menneskerettsleg og etisk perspektiv, samt utvikle og endre praksis og tenester i tråd med dei

- Kunne formidle korleis dei menneskerettslege rammene spelar inn på vurdering og avgjerdsprosessar til utøvarar og brukarar av helse- og sosialtenester, og korleis ein kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing i eit menneskerettsleg perspektiv

- Kunne rettleie brukarar, pasientar, pårørande, helse- og sosialfagleg personell om relevante rettar, problemstillingar og klageorgan

GENERELL KOMPETANSE
- Kunne identifisere dei menneskerettslege pliktane som gjeld innanfor dei ulike arbeidsområda

- Kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ulike områder som er relevant for menneskerettar i det helse- og sosialfaglege arbeidet

- Kunne ta del i diskusjonar om lovgjeving av pliktar for personell og rettar for brukarar i helse -og sosialtenesta

- Kunne kommunisere om menneskerettslege problemstillingar innafor fagområdet, både med spesialistar, kollegar, leiing og til folk flest.

- Kunne bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar for å gje eit betre tenestetilbod innan fagfeltet

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Haust eller vår, emnet går over eitt semester

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen, fysisk og digital undervising
Krav til forkunnskapar
Bachelorutdanning eller tilsvarande, til dømes innan medisin, helse- og sosialfag, skole og barnehage, PP-teneste, barnevern mm. I tillegg 2 års relevant arbeidserfaring innan til dømes barnevern, eldreomsorg, kriminalomsorg, psykisk helse, flyktning-/asylfeltet m.m.
Krav til studierett
Emnet er ope for inntil 25 studentar med studierett på masternivå.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går over eit semester og har tre samlingar. Alle samlingane går over to dagar. Undervisinga er digital dei to første samlingane, men siste samling forutset fysisk oppmøte i Bergen.

Samlingane vekslar mellom bruk av forelesning, podkast, lærarinstruerte øvingar, litteraturstudiar, video og framlegging av kasus frå eigen røynsle. Det blir lagt vekt på at metodane skal vera varierte, med gode høve for eigenaktivitetar, refleksjon og diskusjon. Det vert også lagt opp til arbeid mellom samlingane i form av podcaster, øvelsar og andre studiar slik at studentane er aktive gjennom heile semestret.
På siste samling skal alle kandidatane legge frem kasus/problemstilling frå eigen praksis med ei menneskerettsleg problemstilling som dei andre kandidatane gjev attendemelding på.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er krav om minst 80% nærvær.
Det er obligatorisk å delta på den første og den siste samlinga.
Det er obligatorisk å legge frem kasus/problemstilling på den siste samlinga.
Alle element må vera gjennomført og godkjend for å kunne ta eksamen i emnet.
Vurderingsformer
Skriftleg oppgåve på 3000 ord (+/- 10%) basert på kasus/problemstillinga som er lagt fram.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår eller haust. Eksamen vert gjennomført same semester som undervisning blir gjeve.
Litteraturliste

Ca 800 sider

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltatvakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Senter for krisepsykologi ved Det psykologiske fakultet
Emneansvarleg
Senter for krisepsykologi ved Det psykologiske fakultet