Home
Student Pages
erasmus+

Leiden University and Department of Government (ERASMUS+)

  • CountryNetherlands
  • TownLeiden
  • Number of exchange places3
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universiteit Leiden er det eldste universitetet i Nederland. Det blei grunnlagt i 1575 som ei gåve frå Vilhelm av Oranien, etter at innbyggarane i Leiden hadde halde ut ei langvarig spansk kringsetjing. Universitetet har sju fakultet og om lag 23 000 studentar. Det var det første i Nederland med religionsfridom og kan skilte med historiske band til store namn som Einstein, Rembrandt, Spinoza og Descartes. Campusområdet ligg i sentrum av Leiden.

Leiden har om lag 250 000 innbyggarar, irekna dei mest nærliggande forstadsområda, og ligg i provinsen Syd-Holland. Byen var tidlig kjent for osteproduksjon, og det var ein krydra Leiden-ost, med byvåpenet (to nøklar i kross) prega på emballasjen, som i si tid gav inspirasjon til den norske nøkkelosten.

Accommodation

Universitetet har eit eige kontor som driv med bustadformidling for internasjonale studentar og sjansane for å få tildelt bustad er gode om ein søker i tide.

MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Semester duration

September - januar og februar - juni. Eksamensperioden for engelskspråklege emne i vintersemesteret er som regel lagt til desember månad.

Flott bygning
Photo:
© Universiteit Leiden

Information