Home
Student Pages
erasmus+

Utrecht University and Department of Geography (ERASMUS+)

  • CountryNetherlands
  • TownUtrecht
  • Number of exchange places4
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universitetet i Utrecht blei grunnlagt i 1636 og er eit klassisk europeisk breiddeuniversitet med godt akademisk omdøme og heile 12 nobelprisvinnarar på rullebladet. Universitetet har litt over 30 000 studentar, fordelte på sju fakultet. Ved sida av meir tradisjonelle disiplinar har universitetet eit sterkt miljø for idrettsvitskap og sport, og arrangerer fleire sykkelritt kvart år. Universitetet er spreidd over tre campusar. Dei to mindre campusane Binnenstad og University College ligg i Utrecht sentrum, medan den største heiter De Uithof, og ligg litt lengre mot aust.

Utrecht har rundt 300 000 innbyggarar og ligg midt i Nederland. Byen har mykje middelalderarkitektur og er blant anna kjend for Domtårnet, som ruvar 112 meter opp i lufta og er godt synleg i byområdet. Byen er òg kjend for å ha eit omfattande kulturtilbod, blant anna innan teater og klassisk musikk.

Accommodation

Universitetet samarbeider med ein lokal bustadformidlingsorganisasjon om losji for utvekslingsstudentar. Du kan søke om bustad så snart du har fått opptak som student.

MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Semester duration

September - desember og januar - juli.

Grøn campus
Photo:
© Universiteit Utrecht/Pieter van Dorp van Vliet

Information