Home
Student Pages
nordplus

Lund University and Department of Design (NORDPLUS - Cirrus)

  • CountrySweden
  • TownLund
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeNordplus
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Lunds universitet er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 48 000 studentar. Det har åtte fakultet, og campusar i byane Lund, Helsingborg og Malmö, i tillegg til ein trafikkflyskule i Ljungbyhed. Universitetet har satsa stort på etableringa av to avanserte materialforskingssenter i Lund: MAX IV-laboratoriet, som blant anna husar ein partikkelakselerator, og European Spallation Source (ESS), som kjem til å romme verdas hittil kraftigaste nøytronkjelde.

Lund er ein av dei største byane på Skåne. Om lag ein tredjedel av dei 680 000 innbyggarane i storbyområdeter studentar, noko som gjer Lund til ein av Sveriges viktigaste studentbyar Lund ligg berre eit kvarters togreise unna Malmø, og ein knapp times togreise unna København.

Accommodation

Det finst ein studentsamskipnad i Lund som har somme bustader til disposisjon for internasjonale studentar, men kapasiteten er knapp og utvekslingsstudentar frå Norden bør derfor vere innstilt på å skaffe bustad sjølve. Det kan vere stort press på den private bustadmarknaden i Lund rundt semesterstart, så det løner seg å vere ute i god tid.

Semester duration

August - januar og januar - juni.

Information