Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Faculty of Law and Aberystwyth University

  • CountryUnited Kingdom
  • TownAberystwyth
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Aberystwyth University blei grunnlagt i 1872, som University College of Wales, og blei då den første lærestaden på universitetsnivå i Wales. Det blei uavhengig frå University of Wales i 2007, og har i dag rundt 15 000 studentar. Universitetet oppretta eit institutt for internasjonal politikk alt i 1919 som stadig nyt eit godt omdøme på verdsbasis i dag. Hovudcampusen ligg på ei åsside og har flott utsikt til havet. Herfrå er det meste innan gangavstand.

Aberystwyth ligg på vestkysten av Wales, og er ein liten by med rundt 15 000 fastbuande innbyggarar. Ettersom studentane nærmast doblar folketalet i byen, er det naturleg at desse set preg på omgjevnadane. Blant anna kryr det av kneiper, kaféar og kulturscener her. I byen ligg òg det walisiske nasjonalbiblioteket, oppretta i 1907. Aberystwyth har fått namnet sitt frå elva Ystwyth som omgir han, sjølv om det er ei anna elv, Rheidol, som renn gjennom byen.

Accommodation

Universitetet har fleire studentbustader i og rundt byen, og garanterer eit tilbod til alle utvekslingsstudentar som søker innanfor fristen.

Semester duration

September - januar og januar - mai.

Aberystwyth University: Extraordinary Learning experience, Worldwide prestige.

Information