Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Faculty of Law and University of Kent

  • CountryUnited Kingdom
  • TownCanterbury, Kent
  • Number of exchange places4
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Kent er eit offentleg forskingsuniversitet med hovudkontor i Kent. Det blei grunnlagd i 1965, og har om lag 20 000 studentar. Universitetet har tre campusar. Den største er Canterbury, eit 1,2 kvadratkilometer stort område tre kilometer unna sentrum. Medway campus er eit samarbeid med andre universitet, og ligg nord i Kent, medan Tonbridge campus ligg i Tonbridge sentrum. Universitetet kallar seg «Storbritannias europeiske universitetet», og er som einaste britiske universitet med i Santander-nettverket, eit europeisk universitetssamarbeid. University of Kent har òg «postgraduate»-senter i Brussel, Athen og Paris.

Kent er eit grevskap (county) i Søraust-England, som med sine mange frukthagar og landbruksområde blir omtalt som «Englands hage». Her blir òg den verdskjende Kent-humlen produsert, saman med noko av landets beste ale (øl). Canterbury er kjend for katedralen sin, som blei grunnlagd i år 597. Byen er godt besøkt av turistar og pilgrimar, men det har nok meir å gjere med katedralen enn at skodespelaren Orlando Bloom er fødd her.

Accommodation

I Canterbury og i Medway kan ein søke om studentbustad på, eller like ved, campus.

Semester duration

September-januar, januar-april og mai-juni.

Information