University of Essex and Department of Sociology (ERASMUS+UK)
- CountryUnited Kingdom
- TownColchester, Essex
- Number of exchange places1
- Study levelBachelor
- Exchange programmeErasmus+uk
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Det er inndelt i fire fakultet, og har særleg utmerkt seg innan fagfelta økonomi, statsvitskap og sosiologi. Det har eit regionalt fokus og samarbeider med fleire andre institusjonar i nærleiken. Hovudcampusen Wivenhoe Park ligg rett i utkanten av Wivenhoe, tre kilometer utanfor Colchester. Studentforeininga i Essex har eit godt rykte som konsertarrangørar og har blant anna hatt besøk av band som Pink Floyd, The Smiths, Radiohead og AC/DC .
Colchester skriv seg heilt tilbake til romartida, og er Englands eldste dokumenterte by. Med 120 000 innbyggarar bur det fleire menneske her enn nokon annan stad i grevskapet Essex. Byen ligg vel 80 kilometer nordaust for London, og er populær blant pendlarar. Wivenhoe er ein tettstad med 7000 innbyggarar, og er kjend for eit aktivt kunstnarmiljø.
Accommodation
Universitetet har studentbustader ved campusane Colchester og Southend. Utvekslingsstudentar som søker bustad for eit heilt år blir prioriterte og har svært gode sjansar til å få tildelt bustad, medan kapasiteten er noko knappare for dei som søker for kortare periodar. Den lokale studentsamskipnaden administrerer ein database over ledige leigemål på den private marknaden.
Semester duration
Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma oktober - januar, januar - mars og april - juni.
Information
- Homepagehttp://www.essex.ac.uk/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7858
- Subject nameSociology