Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Department of Comparative Politics and University of York

  • CountryUnited Kingdom
  • TownYork
  • Number of exchange places4
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of York er eit offentleg universitet som blei grunnlagt i 1963. Det har om lag 15 000 studentar og ligg ein 20 minutts busstur søraust for York sentrum. Kvar student høyrer til eit av åtte kollegium, som utgjer små samansveisa samfunn innad på universitetet, med særeigne tradisjonar, bygg og faglege fellesskap.

York ligg i Nord-England, og har i underkant av 200 000 innbyggarar. Byen blei grunnlagd av romarane om lag i år 70 E.v.t. Sirka 800 år seinare fekk byen namnet Jorvik av vikingane, som i tida framover sette eit nordisk preg på byen. Forutan å vere ein by med historisk sus, er York òg ein levande by i samtida, rik på både studentkultur og gamle kulturinstitusjonar som operahus og konserthallar.

Accommodation

Universitetet har fleire studentbustader på campus men kan ikkje garantere plass til alle som søker. Somme av bustadene har matservering til faste tider. Bustadkontoret ved universitetet hjelper med informasjon viss ein heller ønsker å bu privat.

Semester duration

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - juni.

Flott bygning
Photo:
© University of York

Information