Home
Student Pages
erasmus+

Free University of Berlin and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. studieår)

  • CountryGermany
  • TownBerlin
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Freie Universität Berlin blei etablert som eit alternativ til det sovjetisk kontrollerte Universität Unter der Linden i 1948 på initiativ frå studentar og akademikarar, og med hjelp frå amerikanske styrkar i Vest-Berlin. Universitetet har i dag om lag 30 000 studentar og tolv fakultet. Mesteparten av campusområdet ligg i bydelen Dahlem, med enkelte spreidde institutt i andre bydelar.

Berlin har rundt 3,5 millionar innbyggarar og ligg nordaust i Tyskland, inneslutta av delstaten Brandenburg. Tysklands hovudstad er kjend som ein by for fritenkarar og kunstnarar, med rundt 420 kunstgalleri i tillegg til tallause teater, festivalar og andre kulturscener.

Accommodation

Universitetet hjelper internasjonale studentar med å finne bustad. Grunna stort press rundt semesterstart oppmodar dei nye studentar om å vere ute i god tid. Dei fleste studentbustadene i Berlin er drivne av studentsamskipnaden Studentenwerk.

Semester duration

Oktober til mars og april til august.

Flott bygning
Photo:
© Freie Universität Berlin

Information