Home
Student Pages
erasmus+

Saarland University and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. (og 5.) studieår)

  • CountryGermany
  • TownSaarbrücken
  • Number of exchange places3
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universitetät des Saarlandes blei grunnlagt i 1948 som eit felles prosjekt mellom franske og tyske styresmakter. Det har i alt ni fakultet og eit breitt fagtilbod, men er særskilt kjent for forsking og utdanning knytt til IKT, informatikk, nanoteknologi, biovitskapane og europastudiar. 1500 av universitetet sine 25 000 studentar held til ved den medisinske campusen i Homburg. Hovudcampusen ligg like utanfor sentrum.

Saarbrücken ligg sørvest i landet, og er regionshovudstaden i den tyske delstaten Saarland med om lag 250 000 innbyggarar. Som bynamnet indikerer, har elva Saar vore viktig for næringslivet her. Homburg ligg 30 kilometer unna, og er til samanlikning ein liten by, med rundt 45 000 innbyggarar.

Accommodation

Universitetet har eigne studentbustader for internasjonale studentar. Dei fleste andre studentheimane i Saarbrücken og Homburg er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden dersom ein er ute i litt god tid.

Semester duration

Oktober - mars og april - august.

Grøn campus
Photo:
© Oliver Dietze

Information