Home
Student Pages
erasmus+

Autonomous University of Madrid and Faculty of Psychology (ERASMUS+)

  • CountrySpain
  • TownMadrid
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad Autónoma de Madrid går også under kortnamnet «la Autónoma». Universitetet blei grunnlagt i 1968 og har i dag rundt 38 000 studentar fordelte på sju fakultet. Universitetet skil seg ut med eit sterkt engasjement for miljø- og sosialpolitiske tiltak, og har mellom anna eit eige Ecocampus-kontor som skal sikre at universitetet si drift er så energieffektiv og klimanøytral som råd. Universitetet har i dag tre campusar. Det største er Cantoblanco Campus, som ligg 15 kilmometer nord for Madrid. Området er over 2 200 kvm stort og rommar mykje grøntareal. Cantoblanco var i si tid planlagt å vere ein sjølvforsynt universitetsby.

Madrid er hovudstad og den største byen i Spania, med eit folketal på nærare 6,5 millionar i storbyområdet. Byen ligg midt i landet, og utgjer eit viktig knutepunkt for handel og kultur. Opp gjennom tidene har Madrid hatt mykje innvandring frå andre spansktalande land i Latin-Amerika og Afrika.

Accommodation

Som internasjonal student kan du enten leige rom på ein av universitetet sine studentheimar på Cantoblanco campus, i eit tilsvarande studentheim i Madrid sentrum, leige bustad privat eller hos som gjest hos ein spansk vertsfamilie.

Semester duration

September - januar og januar - juni/juli.

Flott bygning
Photo:
© Universidad Autónoma de Madrid

Information