Home
Student Pages
erasmus+

University of Valencia and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. (og 5.) studieår)

  • CountrySpain
  • TownValencia
  • Number of exchange places10
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universitat de Valencia er eit offentleg breiddeuniversitet som blei grunnlagt i 1499. I tillegg til eit kjernetilbod innan dei klassiske universitetetsdisiplinane finst her òg spesialiserte forskningssentre innan område som kinesisk, ørkenspreiing og molekylærvitskap. Totalt har universitetet i dag rundt 65 000 studentar og fire campusar. Hovudcampusen Blasco Ibañez ligg i byen Valencia, medan dei tre andre ligg i forstadane Burjassot og Paterna.

Valencia er hovudstad i den autonome regionen Valencia og den tredje største byen i Spania. Storbyområdet kring Valencia har opp mot 2,3 millionar innbyggarar. Byen er mellom anna kjent som heimby for den verdskjende matretten paella og for folkefestivalen Las Fallas, som set eit tydeleg preg på heile mars månad kvart år.

Accommodation

Universitetet har to eigne studentbustadkompleks i tillegg til ei rekke samarbeid med private bustadaktørar i Valencia og omegn. Det er også mogleg å finne bustad via universitetet sin nettbaserte bustadsdatabase.

Semester duration

September - januar og februar - juli.

Grøn campus
Photo:
© Universitat de València

Information