Home
Student Pages
erasmus+

University of Lyon II and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)

  • CountryFrance
  • TownLyon
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Université Lumière er medlem i det regionale paraplysamarbeidet Université de Lyon. Det er eit offentleg universitetet med rundt 28 000 studentar. Fagtilbodet er størst innanfor humaniora, samfunnsvitskapane og kunstfag. Universitetet har to campusar. Den eine, Berges du Rhône, ligg i sentrum av Lyon, den andre, Porte des Alpes, ligg søraust for byen, i Bron.

Lyon ligg søraust i Frankrike, i regionen Rhône-Alpes, og er den nest største byen i landet etter Paris, med om lag 1,2 millionar innbyggarar i storbyområdet. Lyon blir rekna for å vere Frankrike sin gastronomiske hovudstad. Frå Lyon tek det om lag to timar med tog å reise til Paris.

Accommodation

Universitetet sitt internasjonale kontor samarbeider med studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Det er òg mogleg å bu hos ein vertfamilie, eller finne bustad på den private marknaden i Lyon. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semester duration

September - januar og januar - juni.

Flott bygning
Photo:
© Université Lumière Lyon 2

Information