Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and Ritsumeikan Asia Pacific University

  • CountryJapan
  • TownBeppu City
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Ritsumeikan Asia Pacific University (APU) opna i 2000 og ligg i byen Beppu, sør i Japan. Universitetet samarbeider med søsteruniversitetet Ritsumeikan University i Kyoto. APU er eit utprega internasjonalt universitet der berre litt over halvparten av studentane, og dei tilsette, er frå Japan. Om lag 75 nasjonalitetar er representerte blant universitetet sine 4 000 studentar. Dei fleste internasjonale studentane kjem frå land i Asia, men mange kjem òg frå andre verdsdelar. Universitetsområdet ligg om lag 15 minutt med bil frå sentrum, oppe i fjella 230 moh. Derfrå har ein fantastisk utsikt over byen, fjella og sjøen.

Byen Beppu ligg rundt 4 timar med tog frå Kyoto og Osaka og sju timar frå Tokyo. Byen er forholdsvis liten og har om lag 140 000 innbyggarar. Den trekker til seg 12 millionar japanske turistar årleg på grunn av sine 3 000 varme kjelder.

Accommodation

Utvekslingsstudentar får tilbod om studentbustad gjennom universitetet.

Semester duration

Semestera følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til august, medan haustsemesteret går frå september til februar.

Utsikt
Photo:
© Ritsumeikan Asia Pacific University

Information