Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Department of Informatics and University of Freiburg

  • CountryGermany
  • TownFreiburg im Breisgau
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor, Master og PhD
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Albert-Ludwigs-Universität Freiburg blir vanlegvis omtalt med kortforma Uni Freiburg. Det blei etablert i 1457 og har i dag rundt 25 000 studentar. Emnetilbodet er fordelt på 11 fakultet og femner breitt. Fleire av Tysklands mest kjende intellektuelle har vore studentar eller forelesarar her, blant dei Hannah Arendt, Max Weber og Edmund Husserl. Universitetet sine bygningar ligg i sentrum.

Freiburg im Breisgau er ein by med om lag 220 000 innbyggarar som ligg søraust i Tyskland, ikkje langt frå grensa mot Frankrike. Universitetet er den viktigaste arbeidsgivaren i området, som elles er kjent blant anna for varmt og solrikt klima, vinproduksjon og ein sterk lokal klimapolitikk. Det tyske miljøpartiet Die Grünen har sin sterkaste veljarbase her, blant ivrige syklistar og solcelleindustri.

Accommodation

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad i Freiburg så langt kapasiteten rekk. Dei kan òg hjelpe studentar som ikkje får tilbod om rom med å finne husvære på den private marknaden.

Semester duration

Oktober - mars og april - juli.

Information