Home
Student Pages
erasmus+

University of Regensburg and Faculty of Psychology (ERASMUS+)

  • CountryGermany
  • TownRegensburg
  • Number of exchange places6
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universität Regensburg er eit offentleg universitet med rundt 17 500 studentar. Det har elleve fakultet og eit breitt fagtilbod. Universitetet har eit samla campusområde som ligg på sørsida av byen, om lag 15 minutt å gå unna sentrum. Her ligg alle fakulteta og dei administrative bygningane i nærleiken av kvarandre.

Regensburg ligg i delstaten Bayern, søraust i Tyskland. Byen ligg like ved elva Donau, og ein times køyretur unna München, Nürnberg og Alpane. Regensburg har 150 000 innbyggarar, og eit relativt kompakt bysentrum, der alt ligg innanfor gangavstand. Sykkelen er difor eit populært framkomstmiddel her.

Accommodation

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for ERASMUS-studentar. Søknaden om bustad kan sendast saman med opptakssøknaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Regensburg.

Semester duration

Oktober - mars og april - august.

Grøn campus
Photo:
© Universität Regensburg

Information