Home
Education
bilateral

LLM

  • CountryAustralia
  • TownGold Coast
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Bond University ligg nær byen Robina, ikkje langt frå Brisbane. Det er eit privat universitet og relativt lite universitet, som opna i 1989, med ein moderne campus. Det har ein svært internasjonal profil og rundt 40 prosent av dei 6500 studentane er frå utlandet. Universitetet har i alt fem fakultet som dekker dei fleste klassiske universitetsdisiplinane. Universitetet har mange studentorganisasjonar eller studentidrettsklubbar ein kan engasjere seg i.

Robina har om lag 21000 innbyggarar og er blant anna kjend fordi han ligg like ved Gold Coast, Queensland. Både byen og Gullkysten elles har mange aktivitetar å by på, alt frå kultur og sport til naturopplevingar.

Accommodation

Universitetet tilbyr studentbustader på campus. Mange studentar vel òg å finne bustad privat.

Semester duration

Ved å korte ned, eller nærast kutte ut feriar, har Bond University funne plass til tre semester i løpet av eit år. Det er semesterstart i januar, mai og september. Studentar frå UiB som reiser på utveksling til Bond University begynner i september eller i januar. Når det gjeld semesterdatoar skil Bond University seg frå andre australske universitet. Det vanlege i Australia er at semestera varer frå juli til november og frå februar til juni.

Norwegian Law Students Share Their Bond Experience

Bilete av campus
Photo:
© Bond University

Information