Home
Student Pages
bilateral

University of Alberta and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryCanada
  • TownEdmonton
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Alberta (U of A) blei etablert i 1908 og står i dag fram som eit av dei beste universiteta i Canada, både når det gjeld undervisning og forsking. U of A har om lag 34 000 studentar, av desse er over 1800 internasjonale studentar frå over 120 ulike land. Studentane kan velje mellom meir enn 200 studieprogram på lågare grad og 170 studieprogram på høgare grad. Campusen er plassert midt i Edmonton. Universitetet sine over 100 bygningar strekk seg over 50 kvartal. Campusen er som ein by i byen og ein treng eigentleg ikkje å gå utanfor campus for noko av det ein treng i det daglege liv. Her fins både shoppingsenter, restaurantar, pubar, barar, klubbar, teater, kunstgalleri og flotte sportsfasilitetar for både utandørs- og innandørsaktivitetar. Om ein vil prøve å komme med på eit av universitetet sine 21 «varsity teams» eller berre vil mosjonere, finn ein eit tilbod for dei fleste sportsgreiner. Universitetet har i tillegg eit eige frivilligprogram som ein kan delta i ved sidan av studiane og hauste verdifulle erfaringar frå. Dette er i tillegg ein super måte å bli kjent med andre studentar på. Ein kan for eksempel vere med å hjelpe andre studentar med det faglege, hjelpe til å organisere og arrangere ulike arrangement på campus, vere med i studentavisa eller studentradioen eller bli medlem av ein av dei 250 klubbane som fins. University Student Services og Student's Union kan hjelpe til med det meste både før og under studieopphaldet ved U of A. Kvart semester blir det arrangert ei orienteringsveke for nye studentar som mellom anna inkluderer synfaring på campus, rådgiving om korleis ein best lukkast som student og informasjon om korleis ein går fram for å finne fram til, og nytte seg av dei tilboda og ressursane som fins for studentane. Denne veka er eit godt høve til å treffe andre studentar både frå sitt eige og andre fakultet. Førebu deg før avreise med å gå inn på universitetet si nettside.

Edmonton er hovudstaden i provinsen Alberta og har om lag 875 000 innbyggarar. Byen er vertskap for over 20 festivalar kvart år, innanfor teater, film, jazz, folkemusikk og humor. Er du sportsinteressert kan du gå på kamp og heie fram ishockylaget Edmonton Oilers, fotballaget Edmonton Eskimoes eller baseballaget Edmonton Trappers. Om du får nok av byens mange kulturelle og kommersielle tilbod kan du slappe av i parken. Byparken i Edmonton utgjer eit område 22 gongar større enn Central Park i New York. Om sommaren kan ein jogge, gå på rulleskeiser, sykle eller berre slappe av og sole seg. Om vinteren kan ein stå på ski eller skeiser. Nokre timars køyring unna kan ein nå the Banff and Jasper National Parks i Rocky Mountains, som tilbyr framifrå skiterreng og alpinanlegg om vinteren og fantastiske forhold for friluftsliv og turgåing om sommaren. Universitetet tilbyr bussamband for dags- og helgeturar. Edmonton har fire markerte årstider, ein mild og vennleg vår, ein varm sommar, ein fargesprakande haust og ein snøtung vinter. I motsetnad til Bergen er Edmonton ein av byane i Canada med mest sol, året rundt.

Accommodation

Det er mogeleg å søke om bustad på campus, og ein kan velje mellom tradisjonelle «Residence Halls» med måltidplan inkludert i prisen, eller hyblar og leilegheiter der ein deler kjøkken og bad med andre. Mange av bustadane tilbyr tilgang til eigne lesesalar, kabel-tv, pc-stover og internettilgang. I september 2004 opna dessutan eit heilt nytt International House som er ope for både internasjonale og kanadiske tredje- og fjerdeårsstudentar. For CAD$ 475 (2500 kr) per månad får ein eit møblert einerom med bad, tilgang til felles kjøkken, tv-stove og vaskemaskin. For meir informasjon om dei ulike alternativa, sjå på nettsidene til U of A for Housing and Food Services. Prisane vil variere alt etter kva alternativ ein vel. Internasjonale studentar bør søke så tidleg som mogeleg for å vere sikker på å få plass. Søknadsskjema finn du på nettsidene. Det vil vere vanskeleg å få bustad gjennom universitetet om ein ikkje søker før skuleåret har begynt. Studentar som eventuelt får opptak på hausten vil ikkje kunne rekne med å få bu på campus. Om ein er interessert i å få hjelp til å finne ein plass å bu på den private marknaden hjelper Student's Union Housing Registry. Bukostnadane har stige markant i Edmonton dei siste åra, og ein må rekne med å måtte betale «norsk husleige».

Semester duration

Det akademiske året ved U of A er inndelt i to semester. Haustsemesteret varer frå september og ut desember, og vårsemesterer varer frå januar og ut april.

Campus fra luften
Photo:
© University of Alberta

Information