Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Department of Economics and University of Cergy-Pontoise

  • CountryFrance
  • TownCergy
  • Number of exchange places4
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Université de Cergy-Pontoise er eit offentleg breiddeuniversitet, som ligg om lag 30 kilometer vest for Paris. Det har om lag 16 000 studentar, fordelte på ti fakultet og institutt. Universitetet har seks campusar, som alle ligg i Cergy-Pontoise.

Cergy-Pontoise er ein ung by. Den blei offisielt grunnlagt i 1972, som ei samanslåing mellom fleire tettstader, for å avlaste folketalsauken i hovudstadsområdet. Byen har vakse hurtig, og har i dag rundt 200 000 innbyggarar. Den unge alderen gir byen fleire særeigne trekk, med moderne arkitektur og infrastruktur. Mange av gatene og vegane i byen er namngitt av studentar og heiter slikt som «Fjorårssnøpassasjen» og «Overraskinga».

Accommodation

Universitetet sitt internasjonale kontor samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semester duration

September - Januar og januar- juni.

Flott bygning
Photo:
© Université de Cergy-Pontoise

Information