Home
Student Pages
bilateral

National University of San Martín and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryArgentina
  • TownBuenos Aires
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad Nacional de San Martín (UNSAM) i Buenos Aires har om lag 14 000 studentar, og er med andre ord og ikkje altfor stort, spesielt samanlikna med storebror Universidad de Buenos Aires. Universitetet ligg i bydelen General San Martín, i eit moderne bygg konstruert innanfor strukturen til den gamle togstasjonen. Frå sentrum i Buenos Aires kjem ein seg dit med T-bane og buss. Ein kan òg ta tog til stasjonen like ved UNSAM.

Buenos Aires er ein storby i ordets rette tyding. Byen runda den første millionen innbyggarar så tidleg som i 1910 og i dag bur det om lag 12 millionar menneske i sentrumsområdet, i «area metropolitana». Byen har eit rikt kulturliv med eit utal teater, museum, bibliotek og ikkje minst fotballag. Klimaet er mildt med middeltemperatur på 25 grader om sommaren (desember-januar) og 11-12 grader om vinteren (juni-juli).

Accommodation

UNSAM tilbyr ingen eigne studentbustader, men er hjelpsame med å skaffe rom hos vertsfamiliar eller andre bustader for utanlandske studentar.

Semester duration

Dersom du vil ta emne på spansk er semesterinndelinga mars - juni og august - desember. STUDY ABROAD-programmet med emne på engelsk har inndeling byrjinga av februar til midten av mai. I haustsemesteret går undervisninga parallelt.

Campus
Photo:
© Universidad Nacional de 'General San Martín'

Information