Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Department of Informatics and Charles University, Prague

  • CountryCzech Republic
  • TownPraha
  • Number of exchange places2
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Charles University er det eldste og største universitetet i Tsjekkia, etablert i 1348 etter befaling frå den bøhmiske kongen og seinare tysk-romerske keisaren Karl IV. Fram til andre verdskrig var universitetet tospråkleg, med undervisning både på tysk og tsjekkisk, men i seinare tid står tsjekkisk att som hovudspråket. Studentar og tilsette ved universitetet spelte ei sentral rolle under Fløyelsrevolusjonen i 1989. Universitetet har i dag om lag 50 000 studentar fordelte på 17 fakultet.

Praha er hovudstaden og den største byen i Tsjekkia med om lag 1,3 millionar innbyggarar. Byen ligg ved elva Vltava i den tidlegare austerrikske provinsen Böhmen. Praha er kjend som ein særs vakker by, med vel bevart arkitektur frå mange ulike stilperiodar. Byen har sterke band til den tyske kulturkrinsen. Kjende forfattarar som Franz Kafka og Rainer Maria Rilke kjem herfrå.

Accommodation

Universitetet har eigne studentbustader på campus. For den som ønsker andre alternativ, er det òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Praha.

Semester duration

Oktober - februar og februar - juni.

Campus fra luften
Photo:
© Charles University

Information