Home
Student Pages
erasmus+

University Jean Moulin (Lyon III) and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)

  • CountryFrance
  • TownLyon
  • Number of exchange places4
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Université Jean Moulin - Lyon 3 er medlem i det regionale paraplysamarbeidet Université de Lyon. Det er eit offentleg fransk universitet med om lag 25 000 studentar som primært tilbyr studieløp innan disiplinane litteraturvitskap, filosofi, kommunikasjon og språkfag, rettsvitskap, økonomi og handelsfag. Universitetet har tre campusar. To av dei ligg i Lyon, den siste ligg i Bourg-en-Bresse.

Lyon ligg søraust i Frankrike, i regionen Rhône-Alpes, og er med om lag 1,2 millionar innbyggarar i storbyområdet den nest største byen i landet etter Paris. Lyon reknast for å vere Frankrike sin gastronomiske hovudstad. Frå Lyon tek det om lag to timar med tog å reise til Paris.

Accommodation

Universitetet sitt internasjonale kontor samarbeider med studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Det er òg mogleg å bu hos ein vertfamilie, eller finne bustad på den private marknaden i Lyon. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semester duration

September - januar og januar - juni.

Information