Home
Education
bilateral

LLM

  • CountryUnited Kingdom
  • TownAberdeen
  • Study levelMaster
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Aberdeen er eit offentleg breiddeuniversitet. Det blei grunnlagt i 1491, og er det tredje eldste universitetet i Skottland. Dei rundt 16 000 studentane er fordelte på tre fakultet. Universitetet ligg i hovudsak på to campusar i Aberdeen: Old Aberdeen og Foresterhill. Richard Dawkins, David Attenborough og J.K. Rowling er alle æresdoktorar ved universitetet.

Aberdeen ligg nordaust i Skottland, og har 220 000 innbyggarar. Byen består av dei to middelalderbyane Old Aberdeen og New Aberdeen, som ligg eit par kilometer frå kvarandre, og blei slått saman i 1891. Hamnebyen er historisk kjend for skipsbygging, fiske-, papir- og tekstilindustri, men er no dominert av oljeindustrien. The Aberdeen Student Show, som er skrive, produsert og framført av studentar, har vore ein årleg tradisjon sidan 1921.

Accommodation

Universitetet har god dekning for studentbustader og garanterer eit tilbod til alle utvekslingsstudentar som søker innan fristen. Ein kan søke om bustad på campus i sentrum, eller på Hillhead, som ligg 20 minutts gange nord for campus.

Semester duration

September - desember og januar - juni.

Postgraduate Law | The University of Aberdeen

Flott bygning
Photo:
© University of Aberdeen

Information