Home
Student Pages
bilateral

Western University and Faculty of Law (BILATERAL - 5. studieår)

  • CountryCanada
  • TownLondon
  • Number of exchange places2
  • Study levelMaster
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

The University of Western Ontario, ofte omtala i kortform som Western eller Western University, er eit offentleg forskingsuniversitet som ligg i byen London, i Ontario. Western har ein av dei finaste universitetscampusane i Canada. Universitetet blei grunnlagt i 1878, og Det juridiske fakultet, også kalla Western Law, var eit av dei første fakulteta som blei oppretta. Universitetet har totalt 12 fakultet som dekker dei fleste klassiske universitetsdisiplinane. Universitetet har om lag 35000 studentar, og mottek om lag 400 utvekslingsstudentar kvart år. På Western Law er det i overkant av 500 studentar. I tillegg mottek dei om lag 30-40 internasjonale studentar kvart år. Universitetet har mange studentorganisasjonar og studentidrettsklubbar ein kan engasjere seg i.

London, Ontario er Canadas tiande største by med nærare 500 000 innbyggarar. Byen ligg halvvegs mellom Toronto og Detroit, med lett tilgang til store byar som Montreal, Chicago og New York. Canada er kjend for å vere eit opent samfunn, for multikulturalisme og dedikasjon til menneskerettar. Byen har mange aktivitetar å by på, alt frå kultur og sport til storslåtte naturopplevingar.

Accommodation

Universitetet tilbyr studentbustader på campus. Informasjon om dette finn du på denne nettsida.

Western University kan ikkje garantere at alle som søker får tilbod om studentbustad på campus, og om ein ikkje får tilbod vil ein måtte finne bustad sølv, utanfor campus. Universitetet ligg i eit bustadområde med mange bualternativ i nærleiken. Tips og hjelp til bustadleitinga finn du på denne nettsida.

Semester duration

Haustsemesteret går frå september til midten av desember, og vårsemesteret frå byrjinga av januar til slutten av april.

Experience Western

Producer:
Western University
Grøn campus
Photo:
The University of Western Ontario

Information