University of Victoria and University of Bergen (BILATERAL)
- CountryCanada
- TownVictoria, BC
- Number of exchange places4
- Exchange programmeBilateral
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
University of Victoria (UVic) blei etablert i 1963 og er eit av Canadas leiande forskingsuniversitet. Times Higher Education (THE) har rangert UVic som det ellevte beste universitetet i verda og på førsteplass i Canada blant universitet yngre enn 50 år. Det har om lag 22 000 studentar og studietilbod innan dei fleste fagdisiplinar.
Universitetet ligg i byen Victoria på Vancouver Island. Victoria har omlag 350 000 innbyggarar, og er hovudstaden i provinsen British Columbia. Campus ligg berre 15 minutt frå sentrum, og er lett å kome til med både buss og sykkel. Byen og øya kan tilby ei rekke spennande utandørsaktivitetar, som segling, surfing, golf, skisport, kvalsafari, djupvassfiske, og spanande kano- og kajakkturar i den vakre skjærgarden rundt øya. I tillegg byr byen på mange kulturelle aktivitetar, som internasjonale film- og musikkfestivalar, kunst- og kulturfestivalar og mykje meir.
Accommodation
UVic garanterer ikkje bustad på campus for internasjonale studentar, men kan hjelpe til med å finne bustad i nærleiken med den såkalla «Off Campus Listing Service». På nettsidene til UVic vil du finne meir informasjon om dette.
Semester duration
Studieåret er delt i tre, med eit sommartrimester og første og andre vintertrimester. For studentar ved UiB er det berre hausttrimesteret (vinter - første termin) og vårtrimesteret (vinter - andre termin) som er aktuelle.
Hausttrimesteret startar etter Labour Day i byrjinga av september og varer til desember. Vårtrimesteret startar i byrjinga av januar og varer til slutten av april.
Information
- Homepagehttp://www.uvic.ca/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i SøknadswebNot open for admission
- Subject nameAlle fag