Home
Student Pages
bilateral

University of Otago and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryNew Zealand
  • TownDunedin
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Otago blei grunnlagt i 1869 og er dermed New Zealands eldste universitet. Det er eit forskingsintensivt og internasjonalt anerkjent universitet. Hovudcampusen er i Dunedin. I tillegg finst campusar i Christchurch, Wellington, Southland og Auckland. Totalt har universitetet om lag 19 000 studentar, og av desse er rundt 1 500 internasjonale studentar.

Dunedin ligg ganske langt sør på Sørøya, og har om lag 130 000 innbyggarar. Arkitektonisk er byen inspirert av Edinburgh i Skottland, og ein av dei best bevarte viktorianske og edwardianske byane på den sørlege halvkule. Det fargerike bysenteret, med sine mange kaféar, restaurantar, teater, museer og internasjonale kunstsamlingar ligg berre ein spasertur unna campus. Det er heller ikkje langt frå austsida av campus til hamneområdet, ein populær stad for aktivitetar som blant anna surfing, roing og fisking.

Accommodation

Universitetet i Otago hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad, enten på eller utanfor campus. Det er vanleg praksis at to internasjonale studentar og ein student fra New Zealand bur saman. Internasjonale studentar blir ikkje plassert i bustad saman med studentar frå same land.

Semester duration

Februar - juni og juli - november.

Grøn campus
Photo:
The University of Otago

Information