Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between Faculty of Law and National Law University, Delhi

  • CountryIndia
  • TownNew Delhi
  • Number of exchange places4
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

National Law University Delhi (NLUD) er eit ungt campusuniversitet som ligg i utkanten av Delhi. Universitetet blei stifta i 2008, og er eitt av 22 nasjonale juridiske universitet i landet. Det er òg mange andre institusjonar i India som tilbyr jussutdanning, men dei nasjonale juridiske universiteta er dei mest anerkjende. Universitetet har om lag 500 studentar og alle studentane, i tillegg til mange av undervisarane, bur på campus. Campusen er ein fredeleg oase i ein elles myldrande og travel storby. Like utanfor campus kan ein treffe heilage kyr på vandring i gatene, og dei for oss eksotiske sykkeltaxiane ventar like utanfor porten.

Delhi er ein by fylt av kontrastar: Frå trange smågater i den krunglete gamlebyen til snorrette og breie avenyar i det som vert kalla New Delhi, eller frå menneske i yttarste naud til overklassens luksusliv. Delhi har mykje historie og ein kan besøke mellom anna The Red Fort, Qutab Minar og India Gate. Ein togtur unna finn ein Taj Mahal, eit av verdas sju underverk. Dette blir utvilsamt ein destinasjon for helgeutflukt i løpet av studieopphaldet.

Les meir om korleis dei første studentane som utveksla til NLUD hadde det.

Accommodation

Universitetet tilbyr studentbustad på campus. Det er enkel standard og ein vil normalt dele rom med ein eller to andre studentar. Jenter og gutar bur i kvar si bustadblokk, og i første etasje av studentbustadblokkene er det matsal der måltida vert serverte. Det er også felles opphaldsrom og treningsrom i bustadblokkene.

Semester duration

Frå august til desember, og frå februar til juni.

Information