Home
Student Pages
erasmus+

LUCA School of Arts and Faculty of Fine Art, Music and Design (ERASMUS+)

  • CountryBelgium
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

LUCA School of Arts er eit knutepunkt for over 3000 kreative studentar innan musikk, teater og film, fotografi og design. Kunstskulen kombinerer ekspertise frå fem anerkjente flamske institusjonar for høgare utdanning fordelt på Brussel, Genk, Ghent og Leuven. Campus Leuven (Lemmens) tilbyr akademiske studiar på både bachelor- og masternivå innan musikk og drama. Campusen ligg i eit grønt miljø utanfor byen med om lag 500 studentar og 250 lærarar.

Leuven er ein by sentralt i den nordlege nederlandsktalande delen av Belgia. Leuven er også hovudstaden i provinsen Flamsk Brabant som har i underkant 100 000 innbyggarar. Her bur det mange studentar som bidreg til å gjere Leuven til ein by full av liv med fleire musikkfestivalar og andre kulturtilbod. Byen er kjend for å vere ein yrande, trygg og hyggeleg studentby.

Information