Home
Student Pages
erasmus+

University College Ghent and Faculty of Fine Art, Music and Design (ERASMUS+)

  • CountryBelgium
  • TownGent
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Hogeschool Gent (HOGENT) vart stifta i 1995 etter samanslåinga av fleire ulike institusjonar for høgare utdanning i den belgiske regionen Flandern. Med 13 000 studentar, fordelt på tre fakultet og ein kunsthøgskule, er dette den største høgskulen i Flandern. Skulen tilbyr utdanning med stor fagleg breidde med avdelingar i Gent, Melle og Aalst. School of Arts består av Royal Academy of Fine Arts (KASK) og Royal Conservatory som har over to hundre års erfaring med kunstnarar frå samtida i visuell og audiovisuell kunst, design og design i landskaps- og hage-arkitektur, musikk og drama.

Gent er den mest kjende studentbyen i Flandern og har om lag 70 000 studentar. I middelalderen var dette blant Europas største byar, og mykje av arkitekturen står att frå denna tida. Med knapt 250 000 innbyggarar kan ikkje Gent lengre reknast som nokon metropol, men er stadig livleg, med gode kulturtilbod og har fleire festivaler året gjennom.

Information