Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Kjøparmakt i EU-konkurranseretten

Ignacio Herrera Anchustegui disputerer fredag 10. februar 2017 for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Buyer Power in EU Competition Law».

Main content

Regulering av kjøparmakt er eit tema som har fått lite merksemd innanfor EU-konkurranseretten til no. Til skilnad frå den tradisjonelle vinklinga der fokus er på seljars åtferd, fokuserast det i denne avhandlinga på kjøpars åtferdsmønster i marknaden,  som kan vere skadeleg, og dermed forbode etter konkurranseretten. 

I avhandlinga si søkjer Ignacio å presentere eit heilskapleg bilete av kjøparmakt på tvers av dei ulike forboda innanfor konkurranseretten. Det meste av tidlegare forsking på kjøparmakt har vore avgrensa til einskilde delar av konkurranseretten (forboda mot konkurranseavgrensande samarbeid og misbruk av dominerande stilling, og fusjonskontrollen). Ignacio har i staden analysert kjøparmakt på tvers av dei ulike regelsetta, ut frå ulike skadehypotesar som forklarar korleis kjøparmakt kan avgrense konkurransen. I avhandlinga inkorporerer dei rettslege drøftingane økonomisk teori for å kunne føreslå rettslege løysingar av dei konkurranseproblema kjøparmakt kan føre til.

Eitt av hovudfunna i avhandlinga er at utnytting av kjøparmakt kan skade konkurransen, og vidare at EU-konkurranseretten er rusta til å handtere slik utnytting. I avhandlinga viser likevel Ignacio at kjøparmakt ofte har ein positiv effekt i den forstand at det genererer effektiv konkurranse i marknaden ved å redusere eller nøytralisere makt hos seljarar. 

Personalia: 

Ignacio Herrera Anchustegui er fødd i Caracas, Venezuela, 25. september 1984. Han har ein bachelor i juss ved Andrés Bello katolske Universitet og ein LLM frå Universitetet i Wien. Ignacio har arbeida som advokat ved ulike advokatfirma i Venezuela, og han har hatt eit internship hos FNs kontor for narkotika og kriminalitet i Wien, Austerrike. Han vart tilsett som stipendiat ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen i 2012, kor han utover forskinga underviser i offentleg innkjøpsrett. Han har forfatta fleire publikasjonar, og har motteke fleire stipend og prisar.