Vandreseminar til Tvergastein
Undervisninga og prosjekta våre handlar på ulike måtar om naturen. Om å forstå dei små detaljane og samtidig behalde det store overblikket. Dei prioriteringane me gjer i kvardagen påverkar innhaldet i det me gir til lærarane og elevane. Korleis finn me den gode balansen mellom detaljar og overblikk? På denne vandringa gir me oss sjølve tid til å reflektere litt over dei valga me gjer.
Main content
Tvergastein er kjent som filosofen Arne Næss si hytte. Den ligg 1500 moh, oppunder Hallingskarvet. Ein god stad for viktige tankar. Har du lyst til å bli med? Dette er ein tur for Skolelaboratoriet med venner, målgruppa er dei som tenker at dette er ein god stad for refleksjonar rundt eiga undervisning.
Me tek toget til Ustaoset og vandrar oppover mot Skarvet. Kanskje på ein sti, kanskje berre i lyngen. Ifg. Harvest-artikkelen Hva ville Arne Næss ha gjort? gjekk Arne Næss aldri den samme vegen to gonger. Undervegs er det fritt fram for å diskutere, eller berre nyte fjellet i taushet. Alt etter kva som passar deg best.
Programmet er berre ei skisse som fortel deg at du må smøre matpakke til vandringa mandag. Det blir felles middag på Haugen, før dei som må returnere mandag tek toget til Bergen. Diskusjonar i haustkvelden for dei som overnattar. Tirsdag blir det formiddagsvandring langs Ustefjorden før me tek toget heim.
Mandag 18. september
| 07:57 | Togavgang frå Bergen |
| 10:41 | Me kjem til Ustaoset |
| 11:00 | Vandring til Tvergastein |
| 13:00 | Tankar og utsyn frå hytta til Arne Næss |
| 14:00 | Tilbakevandring vis Prestholtstølen til Geilo |
| 17:00 | Me kjem til lagar middag saman på Haugen |
| 19:21 | Tog til Bergen for dei som må returnere mandag |
Tirsdag 19. september
| 08:00 | Frokost |
| 09:00 | Vidare diskusjonar og samtalar på ei lita vandring langs Ustefjorden |
| 11:56 | Tog frå Geilo |
| 14:57 | Me kjem til Bergen |
Påmelding via skolelab.no.