Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Fortidsvitne: Reinsdyrbein frå Hardangervidda

Liselotte M. Takken Beijersbergen disputerer 19. januar 2018 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "What remains in middens? A comprehensive zooarchaeological study of the reindeer bones from Hardangervidda".

Main content

I snart 170 år har forskarar undersøkt spor som reinsdyrjegerar i fortida har late etter seg på Hardangervidda. Dei eldste funna er frå steinalderen, men det er særleg funna frå mellomalderen som har gjeve mykje forskingsmateriale. Ved å kjønns- og aldersbestemme reinsdyrbein frå bu- og slakteplasser, er det påvist at folk på 1000- og 1100-talet jakta på store bukkar, medan jegerar på 1200-talet drog til fjells for å drive massejakt. Dei skaut både bukkar og simler, og alt frå kalvar til gamle dyr. Dette tyder på ei endring i jaktstrategi. Granskingar av beina viser at dei skotne reinsdyra gjennomgåande hadde god helse. Nokre unntak, som ein beinsvulst, og einskilde tilfelle av lækte brot og leddsjukdomar, viser at sume dyr overlevde både med leddsmerter, delvis lamming og redusert mobilitet.

Morfologiske granskingar av bein viser at i mellomalderen var reinen på Hardangervidda mindre enn reinen på Dovre. Årsaka til dette kan vere at vegetasjonen på Dovre inneheld meir lav enn vegetasjonen på Hardangervidda. Ein har meint at lavmengda i reinsdyrdietten påverkar kroppsstorleiken, ein teori som er styrkt ved isotopmålingane som Takken Beijersbergen har utført på moderne reinsdyrbein frå Hardangervidda, Dovre og Setesdals-/ Ryfylkeheiane, og på arkeologiske reinsdyrbein frå Hardangervidda. Desse viser klåre skilnader mellom dietten til dei ulike reinsdyrpopulasjonane, både geografisk og gjennom tid.

Doktorgradsprosjektet til Takken Beijersbergen gjev eit viktig bidrag til vår kunnskap om Hardangerviddareinen i eldre tid.

Personalia

Liselotte M. Takken Beijersbergen (f. 1977) er frå Nederland og Sveits, men bur no i Norheimsund i Hardanger. Ho har mastergrad i zooarkeologi frå Universitetet i Leiden, Nederland og har inntil nyleg vore stipendiat ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for naturhistorie.