Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Fornying av regionalt næringsliv: Bedrifter, klynger og regionale innovasjonssystem

Rune Njøs disputerer tysdag 15.05.18 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "The role of multilevel dynamics and agency in regional industry renewal".

Main content

Avhandlinga studerer vilkår for fornying av næringslivet i Bergensregionen, og tek innover seg tema knytt til omstilling og innovasjon.

Det vert særleg fokusert på teoretiske og konseptuelle forståingar av fornying av regionalt næringsliv, og avhandlinga utviklar eit analytisk rammeverk som fokuserer på fleirnivådynamikkar. Bedriftsnivået, klyngenivået og det regionale innovasjonssystemet vert drøfta, og det vert fokusert på å forstå korleis desse nivåa kan sjåast i samanheng. Dette vert vidare kopla opp mot internasjonalisering/globalisering og regional og nasjonal innovasjons- og næringspolitikk.

I tillegg til utvikling av ei analytisk fleirnivåtilnærming, diskuterer avhandlinga også kva rolle enkeltaktørar spelar i fornyinga av regionalt næringsliv. Samspelet mellom materialitet (altså reelle, faktisk prosessar) og diskursive aspekt vert også berørt, mellom anna i lys av regional utvikling og internasjonalisering.

Det vert konkludert med at næringslivet i Bergensregionen har gode vilkår for fornying. I ei forlenging av dette vert det diskutert i kva grad den eksisterande næringsstrukturen kan hindre omstilling, samt kva tiltak som eventuelt kan iverksetjast for å stimulere fornying av næringslivet i regionen. Dette vert sett i lys av innovasjonsteori og -politikk.

Arbeida som inngår i avhandlinga har ei rekke implikasjonar, mellom anna for aktørar i det regionale innovasjonssystemet og nærings- og innovasjonspolitikk. Mykje av forskinga, særleg tema knytt til klyngeutvikling og regional omstilling, har tidlegare vorte spelt inn til regionale og nasjonale aktørar.

Personalia:

Rune Njøs (f. 1986) kjem frå Leikanger i Sogn. Han har ein mastergrad i økonomisk geografi frå Universitetet i Bergen (2012). Sidan 2012 har Njøs vore tilsett ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet. Han har vore involvert i ei rekke forskingsaktivitetar, undervising, forskingsbasert rådgjeving og fleire andre aktivitetar. Njøs har sidan hausten 2015 vore teken opp som ekstern doktorgradskandidat ved UiB.