Slik har du ikkje sett Hardanger-bunaden før
– Damebunaden i Hardanger er staseleg og ikonisk, men herrebunaden er litt kjedeleg, meiner Lars K. Lofthus, universitetslektor og kunstnar. Han har framstilt herrebunaden på ein måte du neppe har sett før.
Main content
Lars Korff Lofthus er kunstnar og universitetslektor ved Institutt for kunst ved Fakultet for kunst, musikk og design.
Her underviser han blant anna i kurset Practicing Identity.
Gjorde bunaden spektakulær
I fjor fekk lektoren og kunstnaren oppdraget om å vera festivalkunstnar under Hardanger Musikkfest. Då valde han eit tema som fell rett inn under det han underviser og forskar på ved på UiB. Nemleg identitet og det urbane kontra det rurale.
– Damebunaden i Hardanger veldig kjent, men herrebunaden er litt meir anonym. Eg ville gjere han flottare og meir spektakulær, men også utfordre litt med å gjere han på grensa til hysterisk, seier Korff Lofthus.
Lofthus har ingenting imot bunaden og tradisjonen, men synes det er kjekt om fleire reflekterer litt meir over bunadsbruken.
Han trekk linjene til bygdemannen som vanlegvis er svært sparsam med pynten.
– Brått kjem han ut i bunaden som ropar ut «bling» utan at nokon reagerer. I dette prosjektet eg oppteken av kor pyntete det kan bli før det går over kanten, seier han.
Utfordrar bunadspolitiet
Bunadsbileta som han har fått utstilt syner blant anna ein mann ikledd Hardangerbunad med kjempesøljer og med store duskar på hovudet.
– Eg hadde kanskje forventa at bunadspolitiet skulle kome å ta meg, men det har dei altså ikkje gjort.
(Foto i samarbeid Bent René Synnevåg i samband med Hardanger Musikkfest 2017.)