Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Økonomisk evaluering av malariaførebyggjing i Etiopia

Alemayehu Hailu disputerer 16.11.18 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Economic evaluation of malaria prevention in Ethiopia: Economic burden, equity, and cost-effectiveness analysis of malaria prevention in south-central Ethiopia".

Main content

Det har vore oppsiktsvekkjande framskritt det siste tiåret i den globale kampen mot malaria. Om lag 70% av framgangen kan tileignast enkelttiltak, som sengenett behandla med insektmiddel, og kampanjer for å behandle bustadhus med insektmiddel. Trass i dette held sjukdommen fram med å vere ei stor utfordring for helsetenestene i mange land i Afrika, og vi har lite kunnskap om dei økonomiske verknadene av malariaførebyggjing. I tillegg veit vi ikkje om sengenettkampanjer og kampanjer for behandling av bustadhus vil auke eller redusere ulikhet i helse.

I avhandlinga viser Alemayehu Hailu at malaria representer ein stor økonomisk byrde for fattige hushald i Etiopia. Han konkluderer at førebyggjing av malaria kan bidra til å bekjempe fattigdom. Han finn også at berre få hushald i området eig utstyr for å forhindre malariasmitte, slik som sengenett, og at desse i størst grad er å finne hjå dei mest velståande hushalda.

I forskinga si har Alemayehu Hailu utvikla to modellar for å evaluere kor kostnadseffektivt det er å kombinere utdeling av sengenett med å behandle bustadhus med insektmiddel. Ein modell er basert på resultata frå ein randomisert studie i Etiopia, og den andre modellen er basert på ei kunnskapsoppsummering. Modellane gir informasjon som er relevant for å anbefale kva tiltak som er hensiktsmessig i område med ulik malariabyrde. Sidan det framleis er begrensa kunnskap om å kombinere dei to tiltaka, anbefaler Hailu meir forsking om malariaførebyggjing.

Personalia

Alemayehu Hailu har ein bachelorgrad i folkehelse (Public Health) frå Haramaya Universitet, og ein mastergrad i folkehelse frå Addis Ababa Universitet, der han i sju år har undervist helseøkonomi, økonomisk evaluering og helsepolitikk. Han arbeider for tida som seniorrådgjevar ved helsedepartementet i Etiopia.

Rettleiarane for ph.d.-arbeidet har vore professor Bjarne Robberstad, professor Bernt Lindtjørn, og førsteamanuensis Wakgari Deressa.