Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Sanning og skrift hjå Thomas Bernhard

Guro Sandnes disputerer fredag 25. januar 2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Poetologie der Prozessualität und schreibendes Erinnern in Thomas Bernhards Die Autobiographie".

Main content

Den austerrikske forfattaren Thomas Bernhard (1931-1989) er kjend for det rytmiske, retoriske og særeigne språket sitt langt utanfor landets grenser, ikkje minst har han inspirert fleire av dei største norske samtidsforfattarane våre. Gjenstand for avhandlingen var det poetiske språket sin prosessualitet i det sjølvbiografiske fembindsverket Die Autobiographie (1975-1982), som handla om Bernhards eigne barndoms- og ungdomsår.

Avhandlinga utforskar kva tyding skrivemåten har for framskrivinga av det sjølvbiografiske og for skildringa av røynda. I samanheng med studien stod følgjande spørsmål sentralt: Kva slags poetisk språk for den sjølvbiografiske skrivemåten blir utforma i verket? Korleis blir sjangertilhøyrsla bestemt gjennom det språklege spelet med omgrep knytt til sjangeren? Kva tyding har skrivemåten for framskrivinga av det sjølvbiografiske og for skildringa av røynda?

Resultatet av studien viser korleis Bernhards sjølvbiografiske romanverk undersøker sjangeren sine moglegheiter, i skriveprosessen, som performativ praksis: Snarare enn å utforske forfattarens biografi, utforskar og utprøvar verket den sjølvbiografiske sjangeren. Dette kan knytast til omgrepet prosessualitet. Det prosessuelle utspelar seg på mange nivå i teksten, og det knyter poetikken saman med det produksjonsestetiske: Lange passasjar med refleksjonar rundt sanning, røynd og løgn syner både ein språkleg eksperimentalitet og ein skepsis overfor moglegheitene til å skrive sanninga. På denne måten utfordrar verket sjangerprinsippa. Dette kjem også til syne gjennom til dømes referansar til dramaet og til essayistikken. For det andre verkar sjølve språket å vere i prosess; innfløkte, lange setningar og til dels motstridande ytringar gir inntrykk av ein skrivemåte prega av performativ motstand og spontanitet. Samtidig er stilen prega av ein musikalitet som viser seg gjennom gjentakingar og som skaper språkleg rytme. På denne måten blir sjølve språket sett i sentrum av forteljingane, samtidig som det krinsar om seg sjølv som sjølvbiografisk verk.

Personalia

Guro Sandnes (f. 1984) har mastergrad i tysk litteratur frå Universitetet i Bergen, med faga tysk, historie og spansk i fagkretsen.

Sandnes har tidlegare mellom anna arbeidd som lærar i den vidaregåande skulen, som omsetjar og som studiekonsulent ved Universitetet i Bergen.