Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Langtidsforløp av nevropsykiatriske symptom i demens

Audun Osland Vik-Mo disputerer 14. juni 2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen «Neuropsychiatric symptoms in dementia: long-term course and neuropathology».

Main content

Nevropsykiatriske symptom som depresjon, angst og psykose er ein stor del av byrden for pasientar med demens. Symptoma er også tett forbunde til sjukeheimsinnlegging og ressursbruk. Det er inga effektiv medikamentell behandling, og miljøtiltak er ofte ressurskrevjande. Utvikling av behandling har vore vanskeleg fordi ein har for lite bakgrunnskunnskap om symptoma. Avhandlinga beskriv ein korleis nevropsykiatriske symptom ved demens utviklar seg gjennom sjukdommen. Ein ser også etter underliggande årsaker for dei mest alvorlige symptoma. Data kjem frå Demvest-studien som har rekruttert pasientar med mild demens frå Stavanger, Haugesund og Bergen frå 2005 til 2008. Totalt 223 pasientar med demens vart følgt i inntil 12 år. Det vart rekruttert spesielt pasientar med Lewy-legeme demens. Grunna god diagnostikk og nøysam oppfølging er studien eineståande i verden.

Avhandlinga viser at sjølv pasientar med mild demens har alvorlige nevropsykiatriske symptom. Andelen som har alvorlege grad av symptom (1 av 5) held seg ganske stabilt gjennom demensutviklinga, medan pasientar har ustabile forløp. Dei fleste pasientar har episodiske symptom, og det gjev ein god naturlig prognose over lang tid, men også stor risiko for tilbakefall. Pasientar med Lewy-legemedemens har meir symptom tidleg, men dette utliknar seg over tid. Pasientar med Alzheimers sjukdom har meir vedvarande og alvorlige symptom, spesielt dei med blanding av vrangførestillingar, vandring og aggresjon. 6 av 10 demenspasientar ha gjenteke psykotiske symptom, noko som er meir enn tidlegare antatt. Eit nytt funn var også at alvorlige og stabile psykosesymptom i Alzheimers sjukdom var assosiert med ein særskild blodåreskade kalla cerebral amyloid angiopati.

Doktorgrada viser kvifor god diagnostikk og strukturert utredning av psykiatriske symptom er naudsynt for å gi god og individualisert behandling i demensomsorg. Funna baner veg for betre behandlingstudiar for nevropsykiatriske symptom ved demens.

Personalia

Vik-Mo er cand. med. frå Universitet Bergen, utdanna til spesialist i psykiatri i Helse Førde og arbeider no som avdelingsoverlege ved Alderpsykiatrisk avdeling i Helse Stavanger. Han skal fortsette å forske for Helse Vest ved Senter for samhandling og eldremedisin (SESAM) på temaet nevropsykiatriske symptom hos pasienter med demens.