Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Følg lyset - korleis bittesmå marine dyr oppfattar lys

Clemens Döring disputerer 27.2.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Evolutionary origin and function of eyes in coronated bryozoan larvae".

Main content

I løpet av dyras evolusjon har jordkloden sett sola stå opp og gå ned meir enn 219^9 gongar. Lyset frå sola kan seiast å vere dyras viktigaste kjelde for informasjon.

Medan mange dyr har komplekse auge som er i stand til å motta lys for å gjere dette om til eit visuelt bilete av deira omgjevnader, har mange andre dyr enklare auge som ikkje er i stand til å forme bilete.

Felles for dei alle er lysdetektoren: Fotoreseptorcella.

I komplekse auge kan meir enn hundre millionar fotoreseptorar samarbeide om å forme eit bilete. Men sidan enklare auge gjerne består av ein, eller veldig få fotoreseptorar, kan ikkje desse auga anna enn å gje dyret informasjon om kva for retning lyset kjem frå.

Dyr som lever i havet har ofte slike enkle auge, og dei beveger seg derfor som følge av lys. Slik bevegelse, kalla fototaxis, fører til den største daglege transporten av biomasse på jorda, der bittesmå dyreplankton opp og ned i dei opne havmassane.

Som ein del av dette doktorgradsarbeidet har det blitt utvikla eit oppsett, der ein kan studere fototaxis nøye, inne i laboratoriet: Ein kan filme planktonet, og analysere bevegelsane på individnivå samtidig som ein kan kontrollere omgivnadane, og sørge for at miljøet inneheld ein naturleg variasjon av plankton.

Vidare handlar dette studiet om dei molekylære og ultrastrukturelle eigenskapane til fotoreseptorar i auga til larver av mosdyret bryozoan Tricellaria inopinata. Her vart det oppdaga ein type fotoreseptor som kunne gi heilt ny innsikt i evolusjonen av fotoreseptorar og ulike dyr sine auge.

I den siste delen av dette arbeidet vert det studert korleis mosdyrlarva gjer nytte av augene sine, nervesystemet sitt og symjeapparatet i den prosessen det er å komme seg nærare lyset. Eit dyr må tilpasse svømminga om det skal kunne bevege seg effektivt i ein bestemt retning. Ved å studere korleis mosdyrlarva gjer dette, og ved å samanlikne med andre organismar, kan det gjerast konklusjonar om evolusjonen av fototaxismekanismen.

Personalia

Clemens vart fødd i 1984, og vaks opp i Hannover, Tyskland. Ved Rostock universitet fullførte han sin bachelorgrad i biologi i 2010, og sin mastergrad i diversitet og evolusjon i 2012. Både bachelor og masteroppgåva inneheldt forsking på nerveanatomi i skalldyr under veiledning av professor Richter.