Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Korleis betre kreftbehandling med ultralyd og mikrobobler?

Ragnhild Haugse disputerer 17.6.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Molecular mechanisms of sonoporation in cancer therapy".

Main content

Sonoporering er ein metode som inneberer bruk av små gassfylte bobler (mikrobobler) som vert injisert i blodbanen saman med cellegift, og ultralyd for å auke effekten av cellegift i kreftbehandling. Grunnhypotesen er at sonoporering aukar opptak av cellegift i kreftceller ved at det vert danna porer i cellemembran, men i dag trur ein at mekanismane i kreftbehandling er meir komplekse. Ein kreftsvulst består i tillegg til kreftcellene av eit mikromiljø med andre celletypar og bindevev, som er viktig for å støtte vekst og utvikling av kreft. Mikromiljøet representerer òg ein barriere mot opptak og effekt av medikamentell behandling. Prosjektet har fokus på kreft i bukspyttkjertelen, fordi ein trur at mikromiljøet bidreg til dårlig prognose og begrensa effekt av cellegift i denne krefttypen.

For å finne bakanforliggande mekanismar av sonoporering er aktivering av intracellulær signalering, samt samanheng med eksperimentelle parameterar, undersøkt ved at relevante celletypar behandla med ultralyd og mikrobobler. I doktorgradarbeidet er det vist at ulike celletypar som fins i mikromiljøet i ein svulst responderer ulikt på ultralyd og mikrobobler, og vidare at dette vert styrt av ultralydparametere, dose og type mikrobobler. Det er samtidig vist at friske perifere blodceller i liten grad vert påverka. Ultralyd og mikrobobler fører til endring i overføring av signaler inni cellene (intracellulære signalvegar), som blant anna er viktige for regulering av cellevekst/død, proteinsyntese og kva protein cellene produserer. Det er kjent at desse signalvegane ofte er feilregulert i kreftceller, og er viktige i målretta kreftbehandling. Studiane kan derfor bidra til å optimalisere klinisk bruk av ultralyd og mikrobobler, samt til å velje medikament til kombinasjonsbehandling med sonoporering. Det er også verdt å merke seg at desse effektane vart observert ved låg ultralyd intensitet som også vert brukt til andre formål, som diagnostisk ultralyd.

Personalia

Ragnhild Haugse (f. 1981) er utdanna farmasøyt ved Universitetet i Oslo (2006). Ho har bakgrunn i legemiddelproduksjon i industri og apotek, og er universitetslektor i galenisk farmasi ved Universitetet i Bergen. Ho er tilsett i Sjukehusapoteka Vest, og doktorgradsarbeidet er finansiert av Helse Vest. Arbeidet er utført ved Klinisk Institutt 2 med førsteamanuensis Spiros Kotopoulis som hovedrettleiar, og professor Emmet McCormack og forskar Anika Langer som medrettleiarar.