Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Proust og den paradoksale aldringa

Gunn Inger Sture disputerer 19.2.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Le Vieillir chez Proust".

Main content

I denne avhandlinga utforskar Sture aldringa sin plass i Marcel Proust sitt romanverk På sporet av den tapte tid med utgangspunkt i metaforane som er brukte i skildringane av aldrande personar i den siste scena i romanen – «Le Bal de têtes» («Maskeballet»). Desse skildringane er ofte ufordelaktige, men Sture sine undersøkingar viser at metaforbruken nyanserer biletet av aldring som forfall og tap. Dei mest frekvente metaforane i denne delen av verket presenterer aldringa som ein kunstnarleg skapingsprosess og gjev på den måten dei aldrande personane status som kunstverk.

Kunsten er ikkje berre eit høgt verdsett domene i På sporet av den tapte tid, han har òg evna til å vega opp for verknadene av tida. Gjennom kunsten og gjennom minnet kan ein bevara og finna tilbake til tida som har gått og forsvunne, og tida utgjer dermed eit paradoks i Proust sitt verk. Studien viser at dette paradokset òg kjenneteiknar aldringa i På sporet. Tida gjer at ein eldest og endrar seg, men ho samlar seg òg opp og blir bevart i kroppane til personane i romanen – som teikn på aldring – og i minnet deira.

Sture argumenterer for at tida, personifisert som kunstnaren bak kunstverka dei aldrande personane utgjer, blir eit kunstnarleg førebilete for forteljaren i romanen, som sjølv ber på ein forfattardraum. Gjennom å legga lag på lag med metaforar i dei litterære skildringane kan han nærma seg den temporale tjukna eller djupna tida som kunstnar gjev verka sine. Både ifylgje kognitiv metaforteori og Paul Ricœur sin teori om metaforen som grunnleggande spenningsfylt består metaforen i ei samanstilling av ulike domene. Han er dermed òg særskilt godt eigna til å uttrykka kompleksiteten i aldringa. I metaforen kan ho forbli eit uløyseleg paradoks som omfattar både endring og oppsamling, øydelegging og skaping, brot og kontinuitet, og som kan vekka både pessimisme og frykt, fascinasjon og beundring.

Personalia

Gunn Inger Sture (f. 1985) er oppvaksen i Stavanger og har ein mastergrad i fransk frå Universitetet i Bergen. Som stipendiat har ho vore tilknytt forskingsprosjektet Aldring i kulturhistorisk perspektiv: Litteratur, medisin, psykologi, juss.