Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Humor om innvandring trekk opp grenser i offentlegheita.

John Magnus Ragnhildson Dahl disputerer 3.3.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Voices on the Border".

Main content

Humor blir ofte omtala som politisk viktig, men denne påstanden blir sjeldan utdjupa eller argumentert for. Dette er særleg synleg når humoren handlar om sensitive emne, til dømes innvandringsspørsmålet. I denne avhandlinga utforskar Dahl korleis komedie om innvandring har bidrege til den større samtala om innvandring i Skandinavia.

Ved å studere utvalte hendingar i skandinavisk innvandringskomedie – satire som gjer narr av framandfiendtlege, dei første standupkomikarane med innvandrarbakgrunn, kontroversar om humor og rasisme, og oppblomstringa av humorprogram av, for og med innvandrarar – syner avhandlinga korleis humor har fungert som ein grenseoppgang i offentlegheita. Til dømes fordømmer skandinavisk fjernsynssatire framandfiendtlege og innvandringsskeptiske personar, inkludert dei politiske partia Framstegspartiet og Sverigedemokratarna, ved å plassere dei utanfor ei moralsk grense. På den andre sida har kontroversar om påstått rasistisk humor medverka til å utvide grensene i offentlegheita ved å bringe inn nye perspektiv og stemmer; og nyare fjernsynskomedie om innvandrarar fungerer som eit leikande, gledefylt alternativ til den problemorienterte innvandringsdebatten. Avhandlinga bidreg altså til å betre forstå skandinavisk innvandringsdebatt, og korleis eit medieuttrykk som ikkje er eksplisitt politisk, humor, har spelt ei rolle i denne debatten.

Vidare argumenterer Dahl for at krafta til å gjere slike grenseoppgangar kjem frå dei produktive og uløyselege spenningane som er ein ibuande del av humor – mellom det seriøse og useriøse, mellom det konservative og det kreative, og mellom vonde og gode kjensler. Slik er avhandlinga ein del av ein vidare diskusjon om den politiske krafta til humor, og om samanhengen mellom populærkultur og politikk meir generelt.

Personalia

John Magnus R. Dahl (fødd 1988) har ein bachelorgrad i retorikk frå UiB, og mastergrad i retorikk og argumentasjonsteori frå Universitetet i Amsterdam. Arbeidet med avhandlinga har blitt gjort medan Dahl frå 2016 var stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap, og som ein del av SCANPUB-prosjektet, som utforskar utviklinga av innvandringsdebatten i dei skandinaviske landa. For tida arbeider Dahl som forskar og universitetslektor ved Institutt for informasjons- og medievitskap.