Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Økonomiske verkemiddel i energi- og miljøpolitikken

Arild Heimvik disputerer 20.8.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Three essays on regulation in Energy and Environmental Economics".

Main content

Det teoretiske idealet om perfekte og sjølvregulerande marknader oppstår sjeldan grunna ulike typar marknadssvikt, noko som skaper behov for regulering. Kvar artikkel i avhandlinga nyttar teoretiske modellar til å analysere regulering av ulike negative eksterne effektar (forureining, trafikkork mm.) i forskjellige sektorar.

Den første artikkelen, ser på problemet med å nå ein fastsett bane for utsleppsreduksjon av CO2 i elektrisitetssektoren. Artikkelen ser på kor eigna eit system med grøne sertifikat er for å nå utsleppsmålet. Bruk av grøne sertifikat vil redusere utsleppa og med ei gitt innretning på verkemiddelet er det mogleg å oppnå utslippsmålet eksakt. Uavhengig av innretning derimot, vil ein få ei overinvestering i ny fornybar produksjonskapasitet.

Den andre artikkelen undersøker om refusjon av utsleppsbetalingar (REP) kostnadseffektivt kan oppnå eit gitt utsleppsmål for NOx-utslepp over tid. To typar REP-ordningar vert analysert. Begge kan nå utslippsmålet, men innretninga påverkar både kostnadene ved reguleringa og fordelingsutfallet for de regulerte bedriftene. Ei REP-ordning er berre kostnadseffektiv når bedrifter får refusjon for både investeringar i utsleppsreduserande teknologi og for produksjonskutt.

Den tredje artikkelen studerer verknaden av fleire typar negative eksterne effektar på val av transportmiddel, fordelt på ulike private og offentlege alternativ, og analyserer den langsiktige optimale fordelinga sett frå perspektivet til både den einskilde pendlar og regulatoren. Vilkår for effektiv regulering vert diskutert og sett i kontrast til ufullstendig og upresis regulering som ikkje er uvanleg innanfor transportsektoren. Slike typar regulering kan vere både kostbare, og i nokre tilfelle virke mot sin hensikt.

Personalia

Arild Heimvik (f. 1985) fullførte ein mastergrad i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen i 2012. Doktorgradsarbeidet er utført ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen der han har vært stipendiat. Professor Eirik S. Amundsen har vore hovudrettleiar og bi-rettleiar var professor Frode Meland.