Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Analyse av kryptografi mot kvantedatamaskinar

Morten Øygarden disputerer 6.9.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Algebraic Cryptanalysis of Cryptographic Schemes with Extension Field Structure".

Main content

Asymmetrisk kryptografi er en essensiell komponent for personvern og sikker kommunikasjon over internett. I framtida kan dagens chiffer verta truga av ein ny type datamaskinar basert på kvantemekanikk. Mykje forsking har dermed sett på moglege variantar av kvantesikker kryptografi; asymmetriske chiffer som ikkje kan knekkast ved hjelp av kvantedatamaskinar. Ei av hovudretningane innan dette feltet baserer seg på det å finna ei felles løysing for eit multivariat polynomsystem. Fleire føreslådde chiffer brukar også strukturar over matematiske utvidingskroppar (extension fields), for å kunne effektivt implementerast i datasystem.

Denne avhandlinga analyserer sikkerheita til kryptografiske system som nyttar slike utvidingskroppar. Eit av hovudfunna er at slike asymmetriske krypteringschiffer ikkje er like sikre som tidlegare anteke, og at dei dermed ikkje bør verta tekne i bruk. Avhandlinga studerer også bruk av struktur over utvidingskroppar innan symmetriske chiffer.

Personalia

Morten Øygarden har mastergrad innan rein matematikk frå Universitetet i Bergen. Sidan 2018 har han jobba som doktorgradsstudent ved Simula UiB på prosjektet “qsIoT: Quantum safe cryptography for the Internet of Things”, under rettleiing av Øyvind Ytrehus og Håvard Raddum.