Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Kommunal silo-tenking hindrar hjelp til rus-utsett ungdom

Olin Blaalid Oldeide disputerer 1.10.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Local drug prevention - From policy to practice: A qualitative case study of policy makers, outreach social workers and at-risk youths".

Main content

Rus-utsett ungdom fell mellom fleire stolar i det kommunale hjelpeapparatet. Eitt tiltak kan hjelpe dei med å finne fram i den kommunale labyrinten.

Olin Blaalid Oldeide har forska på lokal rusførebygging. Ho har gjort ein casestudium av implementering i Bergen kommune. Avhandlinga består av intervju med ansvarlege politikarar, kommunale byråkratar og sosialarbeidarar som møter ungdommar. I tillegg til fokusgrupper med ungdommar sjølve.

Ungdommane slit med å finne hjelpa dei treng og når dei finn fram så opplever dei eit einsidig fokus på problema. Dette står i kontrast til ungdommane sine erfaringar med det kommunale tiltaket utekontakten. Her opplever ungdommar å få hjelp til å navigere med resten av dei kommunale tenestene og å bli sett for dei ressursrike ungdommane dei er. Sosialarbeidarane i utekontakten ser behova til ungdommane og klarer å samarbeider på tvers av etatar for å hjelpe ungdommane.

Det at ungdommen opplever eit fragmentert tenestetilbod står også i kontrast til den ynskja politikken frå overordna nivå i kommunen. Avhandlinga viser at rusforebyggingsfeltet har bevega seg frå eit einsidig fokus på individuell tiltak retta mot åtferdsendring til ei breiare tilnærming. Der det å legge til rette for gode oppvekstvilkår for unge er god rusførebygging. For å skape gode oppvekstvilkår så trengs det samarbeid mellom dei sentrale kommunale etatane. Dette samarbeidet viser seg utfordrande å få til i ein siloorganisert kommune.

På tross av dette så viser avhandlinga at aktørar tett på brukarane som utekontakten, klarer å skape samarbeid til nytte for ungdommane. På denne måten fungerer utekontakten som eit sikkerhetsnett for eit elles fragmentert tenestetilbod og som implementerarar av den overordna politikken. Avhandlinga konkluderer med at det er viktig at også andre delar av kommunen tek eigarskap for sine bidrag til å skape gode oppvekstvilkår for unge og at ein er merksam dei strukturane som står i vegen for å skape samarbeid på tvers.

Personalia

Olin Blaalid Oldeide (f. 1988) kjem frå Måløy i Kinn kommune. Ho har ein Master of Philosophy in Health Promotion og ei bachelorgrad i generell psykologi frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet vart utført ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, der ho har vore tilsett som ph.d-stipendiat. Hovudrettleiar har vore professor Elisabeth Fosse og medrettleiar har vore professor Ingrid Holsen. Oldeide arbeidar no som vikar førsteamanuensis ved Institutt for helse, miljø og likeverd.