Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Sjukdomsbyrde ved KOLS

Marta Erdal disputerer 27.10.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Chronic obstructive pulmonary disease (COPD): exacerbations and costs".

Main content

KOLS rammar inntil 10% av den vaksne befolkninga, og er den tredje hyppigaste dødsårsaken i verda. Gode studier av den totale byrden ved KOLS frå utval som er representative for befolkninga generelt, er mangelvare. For at myndigheitene skal kunne ta informerte val og prioritere rettferdig, treng dei studier der deltakarane er frå generell befolkning. I doktorgradsarbeidet har kandidaten vurdert fråver frå arbeid på grunn av KOLS, både i Noreg samt i verda. I tillegg har ho kartlagt hyppigheiten av KOLS-forverringar og estimert totale samfunnskostnader relatert til KOLS, inkludert både kostnader knytt til behandlinga av sjukdomen, samt kostnader ved redusert arbeidskapasitet pga sjukdomen. Resultata viser at på verdsbasis auker risikoen for arbeidsløyse med 43% om ein har KOLS. I Norge var det å ha KOLS assosiert med eit auka fråver frå arbeid på 5.8 dagar/år blant pasientane frå generell befolkning. Blant pasientane frå sjukehusregisteret, var KOLS assosiert med eit auka fråver frå arbeid på 330.6 dagar/år. KOLS-forverringar var hyppigare blant KOLS-pasientane frå sjukehusregisteret enn blant dei frå den generelle befolkninga. Gjennomsnittleg kostnad per KOLS-pasient frå sjukehusregisteret var omtrent 26.500 euro/år, og 15.000 euro/år for ein KOLS-pasient frå den generelle befolkninga. Kostnadene knytt til fråver frå arbeid var vesentleg høgare enn kostnadene knytt til behandlinga av sjukdomen. Avhandlinga viser at byrden ved KOLS er høg. Byrden utrekna frå eit selektert sjukehusutval var signifikant forskjellig frå byrden i den generelle befolkninga. Tiltak som kan forhindre at sjukdomen oppstår, samt tiltak som kan forhindre at sjukdomen utviklar seg frå mild til meir alvorleg grad, kan vere til nytte både for pasientane samt for samfunnsøkonomien. Framtidige studier som ønsker å undersøke sjukdomsbyrden ved KOLS, bør bruke eit uselektert utval frå generell befolkning om målet er å oppnå generaliserbare resultat som er representative for folkehelsa.

Personalia

Marta Erdal (f. 1981) er utdanna lege ved Universitetet i Bergen (2008). Ho har delvis jobba som lege i spesialisering ved Lungeavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus (HUS) medan doktorgradsarbeidet har pågått, samt vore stipendiat ved Klinisk institutt 2 (UiB). Hovudrettleiar er overlege og førsteamanuensis Rune Nielsen (HUS og UiB), og medrettleiarar er førsteamanuensis Ane Johannessen (UiB) samt overlege og professor Tomas Mikal Eagan (HUS og UiB).