Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Utestenging og diskriminering i handel mellom bedrifter

Håvard Mork Sandvik disputerer 19.11.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Exclusion and discrimination in vertical markets".

Main content

Kontraktane mellom bedrifter som handlar i ei verdikjede vil kunne påverke både prisane og utvalet som forbrukarane møter. Til dømes vil avtalane mellom daglegvareleverandørar og daglegvarekjeder regulere ein viktig del av kostnadane til daglegvarekjedene, samt kva sortiment dei tilbyr. Kunnskap om effektane av ulike typar kontraktspraksis er svært viktig for myndigheitene som skal regulere dette. Artiklane i denne avhandlinga nyttar teoretiske modellar til å analysere verknader av ulike formar for utestengande og/eller diskriminerande innkjøpsavtalar.

Den første artikkelen studerer verknader av at leverandørar kan tilby forhandlarar ei pengeoverføring for å få innpass i butikkhyllene, ofte kalla "hylleplassavgift". Hovudresultatet i artikkelen er at slike betalingar kan føre til at nokre leverandørar vert utestengd frå forhandlarane, noko som igjen fører til høge prisar og redusert vareutval.

Den andre artikkelen analyserer effektane av eit forbod mot at leverandørar kan krevje ulike innkjøpsprisar frå forhandlarane. Modellen viser at eit forbod i nokre tilfelle kan føre til lågare prisar. I dei tilfella vert nivået på innkjøpsprisane redusert så mykje at det veg opp for at forhandlarane investerer mindre.

Ein eksklusivavtale mellom ein leverandør og ein forhandlar stenger ute konkurrerande leverandørar frå den aktuelle forhandlaren. Den tredje artikkelen analyserer korleis bruk av eksklusivavtalar spelar inn på leverandørinvesteringar på forhandlarleddet, til dømes investeringar i opplæring for personalet i butikken. Artikkelen viser at kundane ofte kan dra nytte av at fleire leverandørar investerer i dei same forhandlarane, sjølv om kvar leverandør individuelt sett investerer mindre når konkurrentar kan vere gratispassasjerar.

Personalia

Håvard Mork Sandvik (f. 1990) fullførte mastergrad i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen i 2015. Han byrja som doktorgradsstipendiat ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen i 2015. Hovudrettleiar har vore professor Tommy S. Gabrielsen og førsteamanuensis Bjørn Olav Johansen har vore medrettleiar.