Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Ordbøker i utakt med språkbruken

Margunn Rauset disputerer 29.4.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga "Frasar til besvær?".

Main content

Avhandlinga tek føre seg faste uttrykk i ordbøker og faktisk bruk. Arbeidet byggjer på ein hypotese om at det er ein viss forskjell på kva faste uttrykk som blir brukte i bokmål og nynorsk, og den første delen av avhandlinga handlar m.a. om kvifor to skriftfestingar av det same språket kan ha ulikt utval av frasar, ofte omtala som fraseologi. Ein del av forklaringa ligg i at språkrøkta i nynorsk har vore prega av ein utoverretta purisme mot tyske og danske språktrekk, der ein på bokmålshald kan sjå tendensar til ein innoverretta purisme, mot folkemålstrekk i eige språk.

Den eine studien undersøkjer 54 frasar i fire norske ordbøker og jamfører med korleis dei er brukte i store digitale tekstsamlingar for bokmål og nynorsk. Eitt funn er at faste uttrykk ikkje nødvendigvis er faste, men i vekslande grad tillèt variasjon. Stor valfridom i rettskrivinga og delvis ulike stilideal i bokmål og nynorsk spelar òg inn på at ein kan observere stor fraseologisk variasjon både i leksikon, ortografi, morfologi og syntaks. Materialet viser dessutan at norske språkbrukarar, særleg dei som skriv nynorsk, i aukande grad brukar dialektale trekk i skrift, og det medfører endå større grad av fraseologisk variasjon.

Den andre studien ser på variasjon, kreativ modifikasjon og avvikande bruk av kaste barnet ut med badevatnet. Undersøkinga byggjer på 460 bokmålsdøme og 373 nynorskdøme frå ulike tekstsamlingar. Frasen tillèt at så godt som alle komponentane blir skifta ut og stokka om på, utan at det endrar på tydinga. Over tid har forskjellane på korleis frasen har blitt brukt i bokmål og nynorsk minka, medan bruken av kreativ modifikasjon har auka i begge.

Når somme ordbøker legg stor vekt på fraseologisk tradisjonsstoff og til dels berre fører éi form av uttrykka, gjev det ikkje eit fullgodt bilde av bruken. Det kan dessutan gje inntrykk av at det finst éi korrekt form, og at alle endringar er feil, men dei fleste uttrykk både toler og oppviser variasjon.

Personalia

Margunn Rauset (f. 1976) er forskar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen. Sidan 2018 har ho vore prosjektleiar for revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka på ordbøkene.no. Doktorgradsarbeidet til Rauset er gjennomført ved LLE. Hovudrettleiar er professor Torodd Kinn (LLE, UiB), og medrettleiar er professor emeritus Lars S. Vikør (Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo).