Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Sølv og imidazol - medisin mot kreft?

Frida Johanne Lundevall disputerer 16.9.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Synthesis and Method Development of Silver N-Heterocyclic Complexes as Cytotoxic Agents".

Main content

Fokuset i denne avhandlinga har vore på syntese av N-heterosykliske karben-sølv (NHC-Ag) sambindingar. Tretten forskjellege NHC-Ag-kompleks vart testa mot kreftcellelinjer innan leukemi, og desse kompleksa viste interessante biologiske effektar. I denne avhandlinga var alle NHC-ligandar av imidazol. Vi ønska å utforske imidazol fordi det er ein verdifull heterosyklisk ringstruktur som ein mellom anna finn i naturprodukt, legemidlar og som ligandar i katalysatorar innan homogen katalyse. Grunnen til at vi festa imidazol til sølv er at sølv har ei lang medisinsk historie som kan sporast tilbake til antikken. Den første dokumenterte bruken av sølv i medisinsk behandling var på 700-talet. Ulike formar av sølv vart brukt mykje som antibakterielle midlar fram til 1940-åra. I arbeidet var det ønskjeleg å gjere eit studie der ein undersøkje korleis ulike substitusjonar i imidazolringen kan påverke aktiviteten av NHC-Ag-kompleksa mot kreftcellelinjene. Derfor har ein viktig del av arbeidet vore å syntetisere imidazoler med forskjellege funksjonalitetar på dei ulike posisjonane i ringstrukturen. Arbeidet med dei tretten syntetiserte kompleksa av NHC-Ag har ført til tre prosjekt i metodeutvikling. Den første metoden var reduksjon av alken og alkyn ved hjelp av eit system av kobalt(II)-salt og natrium borhydrid. Den andre metoden var ein ny og meir miljøvennleg modifikasjon av Appel reaksjonen. Det tredje metodeutviklingsarbeidet vart grupper av alkyl addert til imidazolryggraden.

Frida Johanne Lundevall (f. 1989) har ei mastergrad innan organisk syntese frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet vart utført i forskingsgruppa organisk syntese og legemiddelkjemi under rettleiing av Professor Hans-René Bjørsvik ved Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen.

Personalia

Frida Johanne Lundevall (f. 1989) har ei mastergrad innan organisk syntese frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsarbeidet vart utført i forskingsgruppa organisk syntese og legemiddelkjemi under rettleiing av Professor Hans-René Bjørsvik ved Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen.